[Top][All Lists]
[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
Re: [ordbanken] Intransitive verb
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
Re: [ordbanken] Intransitive verb |
Date: |
Fri, 05 Oct 2012 23:27:39 +0200 |
fr. den 05. 10. 2012 klokka 23.21 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Siste eksempelet viser at det ikkje nødvendigvis berre er å fjerna ein j
> for å få den intransitive forma. Eit anna eksempel er setja/setta (men i
> intransitiv versjon er både «sitja» og «sitta» godtekne). (På mi dialekt
> vert for øvrig forskjellen enkel eller dobbel konsonant – å seta eller å
> setta.)
For øvrig inneheld fullformsordlistene til Norsk ordbank informasjon om
orda er transitive eller intransitive, men desse kodane vert fjerna før
Ordbanken-programmet får sett dei (delvis fordi dei er kompliserte og
mange, og vil gjera ting uoversiktleg, og delvis fordi eg ikkje heilt
forstår dei). Eksempel:
verdsetje verdset verb pres <trans1> <trans2> <ditrans5/til> <adv14>
normert
utsetje utsett adj <perf-part> m/f ub eint <trans1> <refl9/for> <ditrans5/for>
normert
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden