ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Oppdateringar i fullformslistene til ordbanken


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Oppdateringar i fullformslistene til ordbanken
Date: Sat, 04 Aug 2012 22:41:14 +0200

I samband med den nye nynorskrettskrivinga sjekka eg siste versjon av
Norsk ordbank, og oppdaga tilfeldigvis at fullformsordlistene faktisk
har blitt oppdatert i år. (Etter at det i fjor såg ut til at
oppdateringane hadde stoppa heilt opp, og eg heller ikkje fekk svar på
e-postar sendt til e-postadressa som var oppgjeve, gjekk eg over til
meir sporadisk sjekking av oppdateringar.)

Siste endring var i februar i år, og endringane i rettskrivinga er
følgjelig¹ ikkje med, men det er likevel ein del rettingar. Her er nokre
av dei:

– Ein del rare gradbøyingar av adjektiv, som «økonomiskare» og
  «yrkeshygieniskaste» er no fjerna. (Men det er trulig mange igjen.)

– Bøyingar av initialord som CD og DVD er retta (før CDar – no CD-ar).
  Men det finst framleis nokre feil att, spesielt for bokmål.

– Nokre imperativformer er retta («gymm» og «stemm» → «gym» og «stem»).

– På bokmål har ordet «sojvet» gått ut, og på nynorsk har oppslagsordet
  «kan» gått ut (men det finst framleis som presens av «kunne») og
  «ypparst» inn.

– Nokre feilskrivne ord er no merkte som «unormert» (og kjem derfor
  ikkje opp ved oppslag), som substantiva «ønskje», «kaffe» og 
  adverbet «kun».

– Nokre ord var ikkje rett merkte som klammeform, men er det no, for
  eksempel «besøke» og «finnes».

Dette var dei systematiske endringane eg i farten klarte å henta ut ved
å sjå på ein diff for filene (som vart på over 122 000 linjer, men mange
av endringane er oppdateringar i numeriske paradigmekodar). Det er
trulig ting eg ikkje har fått med meg. Kjør sjølv ein diff og sjå etter,
og meld gjerne frå her til lista om du finn noko interessant.

Endringane ligg berre i SVN-versjonen av ordbanken; eg har ikkje gjeve
ut ein ny pakke. Det ventar eg med til endringane som kjem på grunn av
den nye nynorsknormalen er på plass. Info om korleis de lastar ned
SVN-versjonen finn de som alltid på

  https://savannah.nongnu.org/svn/?group=ordbanken

Eg har òg gått gjennom feilrapportane me har på prosjektsida, og
oppdatert dei. Nokre rapportar vart lukka, då feila endelig er retta
opp, mens andre har fått meir informasjon. Her er oversikt over
endra/lukka feilrapportar (alle rapportar med endringar etter 2. august
i år):

https://savannah.nongnu.org/bugs/index.php?go_report=Apply&group=ordbanken&func=browse&set=custom&msort=0&report_id=100&advsrch=0&status_id=0&resolution_id=0&assigned_to=0&category_id=101&history_search=1&history_field=0&history_event=modified&history_date_dayfd=2&history_date_monthfd=8&history_date_yearfd=2012&chunksz=50&spamscore=5&boxoptionwanted=1#options

¹ Eller «følgjeleg», som det visstnok no må heita, om ein vel å
  følgja den nye normalen.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]