ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Oppdaterte ordlistefiler for «ordbanken»


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Oppdaterte ordlistefiler for «ordbanken»
Date: Wed, 6 Mar 2019 20:22:32 +0100
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:60.0) Gecko/20100101 Thunderbird/60.5.1

For eit par veker sidan kom ein ny versjon av Norsk ordbank, ordlistefilene som «ordbanken»-programmet brukar. Eg har no lagt desse til i utviklingsversjonen (SVN-versjonen) av programmet. Dei av dykk som brukar denne, kan derfor ta ein «svn up» for å få og bruka oppdaterte ordlistefiler. Då får de òg nokre feilrettingar og forbetringar i sjølve programmet med på kjøpet.

Eg håpar å ha klar ein *offisiell* versjon av programmet, med dei nye ordlistefilene, i løpet av månaden.

Dei nye ordlistefilene har haugevis med rettingar, både i ordtilfang og bøying/rettskriving. Nynorskordboka og Bokmålsordboka, som byggjer på Norsk ordbank, vert for tida reviderte, så me kan venta oss mange endringar framover. Les meir om dette på https://www.uib.no/lle/121561/revisjonsprosjektet-bokm%C3%A5lsordboka-og-nynorskordboka

--
Karl Ove Hufthammer



reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]