|
From: | Karl Ove Hufthammer |
Subject: | [ordbanken] Forbetra raskt oppslag i Ordbanken |
Date: | Tue, 23 Feb 2016 19:21:16 +0100 |
User-agent: | Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:38.0) Gecko/20100101 Thunderbird/38.5.1 |
Sjå https://savannah.nongnu.org/bugs/?46362 for den *laaange* forklaringa på heile den triste soga. Kort oppsummert: Det finst to utgåver av verktøyet «look», som Ordbanken brukar for å gjera oppslag på enkeltord svært raskt. Desse oppfører seg ikkje heilt likt. Dette førte til problem på BSD- og Debian-baserte distroar. Det var vanskeleg å komma til botnen i problemet, men no skal det vera fiksa.
Rettinga ligg i siste SVN-versjon av programvara: https://savannah.nongnu.org/svn/?group=ordbanken
Last ned og prøv sjølv. Oppslag på enkeltord skal gå svært raskt. (På mi maskin tar det under 1/20 sekund å slå opp eit ord.)
Vil de det skal gå endå raskare, har eg lagt til instruksjonar i «ordbanken --eksempel» om korleis de legg til eit alias, slik at de slepp å skriva «ordbanken», men kan forkorta det til for eksempel «o», og om korleis de ordnar det slik at autofullføring via «bash completion» framleis skal fungera med det forkorta programnamnet.
-- Karl Ove Hufthammer
[Prev in Thread] | Current Thread | [Next in Thread] |