ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Rettingar og POSIX-kompatibilitet i SVN


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Rettingar og POSIX-kompatibilitet i SVN
Date: Fri, 08 May 2009 20:54:20 +0200
User-agent: KMail/1.11.2 (Linux/2.6.29.1-desktop-4mnb; KDE/4.2.2; i686; ; )

Eg har i dag lagt inn mange mindre rettingar i SVN-versjonen av 
Ordbanken, so det kan vera greitt å oppdatera. (Men for de som brukar 
den sist utgjevne versjonen er ikkje dette nødvendig, då rettingane 
*hovudsaklig* gjeld feil som oppstod ved endring av filformatet).

Eg har òg gjort endringar for å gjera skripta fullstendig POSIX-kompatible. No 
brukar for eksempel «sed» standard regulære uttrykk i staden for utvida 
regulære uttrykk, og «fgrep» er bytt ut med «grep -F». Men eg brukar framleis 
eit par verktøy frå pakken «util-linux-ng», so pakken i seg sjølv krev litt 
meir enn POSIX. (Eg har ingen planar om å endra på dette.)

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://blogg.huftis.org/
Jabber: address@hidden




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]