ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Ordbanken no mykje raskare


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Ordbanken no mykje raskare
Date: Thu, 07 May 2009 18:38:56 +0200
User-agent: KMail/1.11.2 (Linux/2.6.29.1-desktop-4mnb; KDE/4.2.2; i686; ; )

Eg har no gjort ein del endringar i ordbankskriptet og formatet på dei 
installerte ordbankfilene. Kortversjonen er at det no skal gå rundt 10 
gongar so raskt å slå opp orda.

Eg har berre prøvd ut denne løysinga på mi eiga maskin, so eg treng 
tilbakemeldingar frå dykk på korleis det fungerer på andre system, og
på om det har dukka opp nokon feil.

Last ned siste versjon frå SVN og prøv. Merk at ordlistefilene no må 
«klargjerast» ved å kjøra «make» før «make install». Denne prosessen kan 
dessverre ta veldig lang tid.

For dei teknisk interesserte: Det er hovudsaklig to endringar:

1  Ordlistefilene er gjorde mindre ved fjerning av alle kodar som uansett
ikkje vert viste, og mellomromma er gjorde om til tabulatorteikn. Dette 
reduserer størrelsen med rundt 20 %, og oppslaga går tilsvarande raskare.

2  Eg har gått over til å bruka verktøyet «look» for oppslag i fila. Dette 
verktøyet brukar eit binærsøk på sorterte filer, og er hovudgrunnen til at 
oppslaga no er so raske. Viss «look» ikkje er installert, vert framleis den 
gamle oppslagsmetoden basert på «awk» brukt, so ordbankprogrammet 
skal i *utgangspunktet* fungera alle plassar det fungerte før.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://blogg.huftis.org/
Jabber: address@hidden




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]