ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Støtte for a-infinitiv i ordbanken


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Støtte for a-infinitiv i ordbanken
Date: Sun, 26 Aug 2012 10:29:13 +0200

Eg har no lagt til støtte for a-infinitiv ved oppslag i ordbanken.
Oppslaga gjev informasjon om verbet og tilhøyrande adjektiv laga av
partisippet. For eksempel vil oppslag på «møta» finna verbbøyingane av
«å møta» og adjektivformene «møtande», «møtte» («dei vart møtte») og
«møtt», men ikkje substantivet «møte» (eks. bøyinga «møtet»).

$ ord møta
møte  møtte    adj   <perf-part>  fl
møte  møtte    adj   <perf-part>  bu    eint
møte  møtt     adj   <perf-part>  m/f   ub    eint
møte  møtt     adj   <perf-part>  nøyt  ub    eint
møte  møtande  adj   <pres-part>
møte  møtast   verb
møte  møt      verb  imp
møte  møta     verb  inf
møte  møte     verb  inf
møte  møtt     verb  perf-part
møte  møter    verb  pres
møte  møtte    verb  pret

Tilsvarande vil eit oppslag på «undra» finna det avleidde adjektivet
«undrande» men ikkje adjektivet «undst» (som er avleidd av *adjektivet*
«undre», ikkje av *verbet* «undre»/«undra»).

Det kan altso vera ein fordel å bruka a-infinitiv ved oppslag på verb,
då ein unngår unødvendig støy i resultata.

Endringa er førebels berre tilgjengeleg i SVN-versjonen av ordbanken.
Som vanleg: Test, og meld frå om eventuelle feil.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]