ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Autofullføring av ord med hermeteikn/mellomrom


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Autofullføring av ord med hermeteikn/mellomrom
Date: Fri, 02 Apr 2010 20:37:00 +0200
User-agent: KMail/1.13.1 (Linux/2.6.31.12-desktop-3mnb; KDE/4.4.1; i686; ; )

Eg har no lagt ut ein ny versjon av ordbanken i SVN, med desse endringane:

– Det er no mogleg å endra namnet på programfila,
  eller laga eit alias til ho, utan at autofullføringa
  tolkar programnamnet som eit ord å gje forslag til.
  Det kan for eksempel vera greitt å leggja til 

  alias ord=ordbanken
  complete -F _ordbanken ord 

  i oppstartsfila «~/.bashrc», slik at det vert mindre 
  å skriva kvar gong ein vil slå opp eit ord.

– Autofullføring av «-»- og «--»-argument fungerer no  
  skikkeleg igjen.

Denne siste var litt pussig, då eg ikkje visste at funksjonen var øydelagd …

Samtidig har eg oppdaga at autofullføring av ord med mellomrom ikkje lenger 
fungerer. No er det berre den siste av desse som verkar:

   ordbanken "rock a[tab]
   ordbanken 'rock a[tab]
   ordbanken rock\ a[tab]

Det merkelige er at når eg gjekk tilbake til førre versjon, fungerte det 
*heller* ikkje. Kan det komma av nokon endringar i nyare versjonar av bash?

Eg vil derfor be dei av dykk her på lista som har muligheit til det om å testa 
1) om denne autofullføringa fungerer no, og 2) om ho fungerte før (revisjon 
66).

Opplys gjerne òg kva bash-versjon de brukar. Eg brukar for øvrig 
GNU bash 4.0.33(2).

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]