[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
[ordbanken] Ny versjon av Norsk ordbank
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
[ordbanken] Ny versjon av Norsk ordbank |
Date: |
Tue, 3 Jul 2018 16:46:36 +0200 |
User-agent: |
Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:52.0) Gecko/20100101 Thunderbird/52.8.0 |
Hei!
Som nemnt i den førre e-posten min var siste versjon av Norsk ordbank to
år gammal. Men no har det endeleg komme ein ny versjon!
Det er fleire endringar i den nye versjonen:
– Oppdateringar/rettingar av orda som er med (sjølvsagt) :)
– Ikkje lenger informasjon om tidlegare klammeformer og unormerte
former :(
– Nytt filformat :/
– Ny lisens (CC-BY 4.0) :|
Alt dette gjer at det er ein del arbeid med å tilpassa programmet
Ordbanken til å kunna bruka den nye versjonen. Det er rett og slett
mykje av innmaten i programmet som må skrivast om for å handtera det nye
filformatet.
Eg har førebels starta med å laga til såkalla einingstestar for den
eksisterande funksjonaliteten. Med desse kan eg lett finna ut om
programmet framleis fungerer som det skal når eg gjer endringar. De som
brukar SVN-versjonen, kan ta «svn up» for å følgja med på endringane og
prøva ut testane.
Sjølve ordbankfilene er flytta til Nasjonalbiblioteket. Last ned frå
https://www.nb.no/sprakbanken/show?serial=oai%3Anb.no%3Asbr-41&lang=en
dersom de er interesserte i å sjå nærare på kva som er nytt. Ein kjekk
ting med det nye formatet er at det ser ut til å innehalda informasjon
om *når* eit ord vart lagt til (årstal eller dato). For dei som måtte
lura, det nyaste ordet (på nynorsk) er «tåsandal». Det er faktisk så
nytt at det vart lagt inn i oktober i år! Av det kan me vel slutta at
ordbankfolka ikkje har skikkeleg validering på datoane sine – eller er
veldig føre si tid … :)
--
Vennleg helsing
Karl Ove Hufthammer
- [ordbanken] Ny versjon av Norsk ordbank,
Karl Ove Hufthammer <=