ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2018-05-26) klar


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2018-05-26) klar
Date: Sat, 26 May 2018 13:56:23 +0200
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:52.0) Gecko/20100101 Thunderbird/52.8.0

Eg har no lagt ut versjon 2018-05-26 av programmet ordbanken. Last ned frå https://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/ordbanken-2018-05-26.tar.xz (eller berre oppdater frå SVN, for dokker som brukar det).

Her er det viktigastenye i denne versjonen:

– Oppdatert fullformsordlistene til 2016-05-04-utgåva frå
  Norsk ordbank. (Det er den nyaste tilgjengelege versjonen
  per 2018-05-26.)

– Mindre, tekniske forbetringar i AppData-fila.


Det ser dessverre ikkje ut til at den nedlastbare versjonen av Norsk ordbank (http://www.edd.uio.no/prosjekt/ordbanken/) vert oppdatert lenger. Det er altså grunnen til ordlistefilene er to år gamle. Men eg tenkte det uansett var på tide å legga ut ein ny versjon av programmet, då det har komme ein del rettingar frå *førre* versjon av ordlistefilene (frå 2014).

Totalt er det 13 271 endringar (ord/bøyingar som gjekk ut eller kom inn) for bokmål og 5 075 for nynorsk. Når det gjeld sjølve oppslagsorda (altså ikkje bøyingane), er det 1 587 endringar for bokmål og 1 398 for nynorsk. For bokmål er det for mange endringar til å lista opp alle her, men for nynorsk var det berre eit fåtal oppslagsord som gjekk *ut*. Det var desse:

akvarellmaleri
arkivalia
artikulasjon-
barnelaming
cholesterolinnhald
commandoangrep
commandolaup
commandoløp
commandoraid
commandosoldat
commandotropp
commandoåtak
darts
disc-jockey
einskilt
fjell-lo
fråskilt
hjartelaming
hjernelaming
hold up
Internettet
kan henda
kikidor
kikkador
kikkidor
klauvsjuke
klauvsykje
kviksylvhøgde
kvinnesâl
luss-side
lutheran
malìsiøs
meteoride
mungo
numeralia
overkikidor
overkikkador
overkikkidor
pedikyre
pelargonium
persiflasje
planskilt
projektør
protegé
skarntile
skjelvelaming
solististisk
stilliss
særskilt
unnateki
utorskilt
utskilt
vanskelegstelt
vestsamoanar
vestsamoansk
zebu
zebufe
åtskilt

Programmet har to nettsider, heimesidahttp://huftis.org/artiklar/ordbanken/og prosjektsidahttps://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/ Dokker kan lasta det ned fråhttp://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/eller som ein openSUSE-pakke fråhttp://software.opensuse.org/package/ordbanken

--
Karl Ove Hufthammer



reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]